ErDetFarlig - Vogner – bilseter

Gå direkte til innhold Gå direkte til hovedmeny

Småbarnsprodukter

Vogner – bilseter

Foto: John Petter Reinertsen

Foto: John Petter Reinertsen

 
Barnevogner og bilsete er samansette produkt som inneheld fleire materiale, for eksempel tekstil, skumgummi, metall, hardplast og mjukplast, som igjen kan innehalde helse- og miljøskadelege stoff. Løyse delar, som stroppar og reimar, kan barna putte i munnen. Andre delar kan kome i direkte kontakt med huda til barna.

Hormonforstyrrande ftalater (blant anna verstingstoffet DEHP) er ikkje lovlege i småbarnsprodukt. Likevel hender det at delar som er laga av mjukgjord plast, spesiell PVC, kan innehalde desse stoffa.

Bilstolar, barnevogner og madrassar kan innehalde flammehemmarar som skal forhindre utvikling av brann dersom uhellet er ute. Mange flammehemmande stoff hopar seg opp i menneske og i miljøet, og nokre stoff blir mistenkte for å vere fosterskadelege, kreftframkallande eller hormonforstyrrande.

Plast og gummimateriale, spesielt det som er farga svart, kan innehalde polyaromatiske hydrokarbon (PAH-er), som kan vere svært kreftframkallande.

Tekstil som er i direkte kontakt med huda til barna, kan innehalde restar av allergifremkallande eller irriterande kjemikal frå produksjonen. Derfor bør dei vaskast før dei blir tekne i bruk fyrste gong – dersom det er mogeleg.

Det er egne ordninger for kildesortering og innlevering av farlig avfall i de ulike kommunene.  

Finn ut hvilke ordninger som gjelder i kommunen der du bor.

Brukte vogner og bilstolar som er heile, reine og pene, og bilstolar som ikkje har vore innblanda i kollisjonar eller er for gamle, kan du levere til bruktmarknader eller loppemarknader for gjenbruk av andre.

(Trygg Trafikk reknar levetida til ein bilstol, som ikkje har vore innblanda i kollisjon eller liknande, for å vere ca. 8–9 år fordi materialane setene blir laga, av kan svekkjast over tid.)

Det finst forskjellige ordningar for innlevering og kjeldesortering av slike produkt i dei ulike kommunane.

Spør om innhaldet i produkta

Ikkje alle produkt har krav om at opplysninger om innhaldet av helse- og miljøfarlege stoff skal angis på emballasjen, men du har krav på å få slike opplysninger om du spør forhandlaren, importøren eller produsenten. Vi har laga ein brevmal slik at du enkelt kan ta kontakt med dei.