Gå direkte til innhold Gå direkte til hovedmeny

Småbarnsprodukter

Vogner – bilseter

Foto: John Petter Reinertsen

Foto: John Petter Reinertsen

 
Barnevogner og bilsete er samansette produkt som inneheld fleire materiale, for eksempel tekstil, skumgummi, metall, hardplast og mjukplast, som igjen kan innehalde helse- og miljøskadelege stoff. Løyse delar, som stroppar og reimar, kan barna putte i munnen. Andre delar kan kome i direkte kontakt med huda til barna.

Hormonforstyrrande ftalater (blant anna verstingstoffet DEHP) er ikkje lovlege i småbarnsprodukt. Likevel hender det at delar som er laga av mjukgjord plast, spesiell PVC, kan innehalde desse stoffa.

Bilstolar, barnevogner og madrassar kan innehalde flammehemmarar som skal forhindre utvikling av brann dersom uhellet er ute. Mange flammehemmande stoff hopar seg opp i menneske og i miljøet, og nokre stoff blir mistenkte for å vere fosterskadelege, kreftframkallande eller hormonforstyrrande.

Plast og gummimateriale, spesielt det som er farga svart, kan innehalde polyaromatiske hydrokarbon (PAH-er), som kan vere svært kreftframkallande.

Tekstil som er i direkte kontakt med huda til barna, kan innehalde restar av allergifremkallande eller irriterande kjemikal frå produksjonen. Derfor bør dei vaskast før dei blir tekne i bruk fyrste gong – dersom det er mogeleg.

 

 

Per i dag finst det ikkjesvane- eller blomenmerkte vogner eller bilsete. Men her ei nokre råd når du skal ut og handle:

  • Spør etter produkt utan mjuk PVC. Det er større sannsynlegheit for at mjuk PVC inneheld ftalat.
  • Unngå produkt med svart plast og gummi i dei delane barnet kan putte i munnen eller som kan kome i direkte kontakt med huda.
  • Vel produkt laga av naturleg flammehemmande materiale dersom det er mogeleg, for eksempel ull.
  • Vask (dersom mogeleg) eller tørk av utstyret før det blir teke i bruk fyrste gong.

 

Spør om innhaldet i produkta

Ikkje alle produkt har krav om at opplysninger om innhaldet av helse- og miljøfarlege stoff skal angis på emballasjen, men du har krav på å få slike opplysninger om du spør forhandlaren, importøren eller produsenten. Vi har laga ein brevmal slik at du enkelt kan ta kontakt med dei.