Gå direkte til innhold Gå direkte til hovedmeny

Leketøy

Lekeapparater (utendørs)

Foto: Kristin Kinck Rannem

Foto: Kristin Kinck Rannem

 
Med utandørs leikeapparat meiner vi for eksempel klatrestativ, vippar og leikeseksjonar som står ute heile året, og dessutan større utandørsleiker som til dømes syklar. Slike leiker kan innehalde ulike verstingstoff og andre problematiske stoff.

Utandørs leikeapparat er ofte laga av trykkimpregnert tre. Trykkimpregnert tre som er produsert før 1. oktober 2002, kan innehalde arsen og krom. Tidlegare kunne leikeapparat også vere behandla med kreosot, men det er heller ikkje tillate i dag.

Gammal maling kan innehalde bly og nonylfenol. Stoffa er ikkje farlege for barna under vanleg leik, men dei kan sleppe ut i miljøet dersom ikkje produktet blir levert til forsvarleg avfallsbehandling etter bruk.

Fallunderlag og støytdempande matter

Produkt som er laga av resirkulert gummigranulat frå bildekk, for eksempel fallunderlag, løpebanar, støytdempande matter og kunstgressbanar, kan innehalde stoff som PAH, tungmetall og ftalat. Undersøkingar viser at dei miljøfarlege stoffa som kan finnast i dekka, er godt bundne i gummiblandinga, og kun svært små mengder av farlege stoff vil lekke ut ved bruk. Bruken av desse produkta vurderast derfor som trygg. Spreiinga av gummipartiklane i seg sjølv kan likevel vere eit problem som ein betydeleg kilde til mikroplast. Miiljømyndigheitene jobber med å sjå på omfanget og moglege tiltak.

Syklar

To- og trehjulssyklar, sparkesyklar og løpesyklar til små barn kan også innehalde helse- og miljøfarlege stoff. Mjuke plastdelar kan innehalde tungmetall og mjukgjerarar som ftalat og klorparafiner, sjøl om desse er forbodne i leiker. Mjuke plastleiker kan dessuten lekkje løysemiddel eller andre helseskadelege stoff. Klar hardplast kan innehalde verstingstoffet bisfenol A. Leiker med svart gummi eller svart lakk, kan innehalde PAH (polyaromatiske hydrokarboner).

Svana og Blomen

Svane- og blomemerka leikeapparat tek omsyn både til helse og miljø ved at dei inneheld minst mogeleg helse- og miljøskadelege stoff, gir mindre farleg avfall og blir produserte med minst mogeleg utslepp av farlege stoff og klimagassar. Svane- og blomemerka produkt tilfredsstiller også strengje krav til funksjonalitet.

Det er egne ordninger for kildesortering og innlevering av farlig avfall i de ulike kommunene.  

Finn ut hvilke ordninger som gjelder i kommunen der du bor.

Leiker som er i god stand og kan brukast om igjen av andre, kan du levere til gjenbruksstasjonar, bruktmarknader og loppemarknader. Det finst forskjellige ordningar for innlevering av slike produkt i dei ulike kommunane. 

Mindre leiker som ikkje er laga av impregnert trevirke og ikkje går på strøm eller batteri, kan kastast i restavfallet. Større utandørsleiker som til dømes syklar, kan du levere til den kommunale gjenbruksstasjonen.

Leikeapparat av kobberimpregnert trevirke produsert etter 2003, er ikkje farleg avfall og kan leverast inn som anna malt eller lakkert tre – til betjent, kommunal gjenvinningsstasjon.

Eldre tre som er impregnert med CCA (kobber, krom og arsen), er farleg avfall. Det skal derfor ikkje blandast med anna trevirke, men leverast inn til godkjent avfallsmottak, til dømes til betjent, kommunal gjenvinningsstasjon.

OBS: CCA-impregnert trevirke må ikkje brennast fordi både asken og røyken er svært giftig. Det et dessutan generelt forbode å brenne avfall.

Andre som skriver om dette:

Spør om innhaldet i produkta

Ikkje alle produkt har krav om at opplysninger om innhaldet av helse- og miljøfarlege stoff skal angis på emballasjen, men du har krav på å få slike opplysninger om du spør forhandlaren, importøren eller produsenten. Vi har laga ein brevmal slik at du enkelt kan ta kontakt med dei.