Gå direkte til innhold Gå direkte til hovedmeny

Hobby og fritid

Bildekk

Foto:John Petter Reinertsen

Foto:John Petter Reinertsen

 
Bildekk består av ca. 40 prosent gummi (naturleg eller syntetisk) som kan innehalde fleire helse- og miljøfarlege stoff.

Bildekk kan innehalde verstingstoff som alkylfenol, klorparafinar, ftalat (DEHP) og bly. Andre stoff i bildekk, som kan utgjere miljø- eller helsefare, er PAH, sink og ftalat som butylbenzylftalat (BBP). Stoffa kan bli spreidde i miljøet gjennom svevestøv som blir slite av frå bildekka under køyring. Frå 2010 har det vore forbode å bruke mjukningsolje med PAH i bildekk i EU/EØS.

Mange kunstgrasbaner inneheld oppmalt gummi frå kasserte bildekk. Undersøkingar viser at dei miljøfarlege stoffa som kan finnast i dekka, er godt bundne i gummiblandinga, og kun svært små mengder av farlege stoff vil lekke ut ved bruk av såkalla gummigranulat på kunsgrasbanar. Bruken av banane vurderast derfor som trygg. Spreiinga av gummipartiklane i seg sjølv kan likevel vere eit problem som ein betydeleg kilde til mikroplast. Miiljømyndigheitene jobber med å sjå på omfanget og moglege tiltak

Svana og Blomen

Bildekk med miljømerka Svanen eller Blomen tek omsyn både til helse og miljø ved at dei inneheld minst mogeleg helse- og miljøskadelege stoff, gir mindre farleg avfall og blir produsert med minst mogeleg utslepp av farlege stoff og klimagassar. Svane- og blomenmerka produkt tilfredsstiller også strengje krav til funksjonalitet.

Per i dag finst det ikkje Svane- eller blomenmerka dekk.

Andre som skriver om dette:

Spør om innhaldet i produkta

Ikkje alle produkt har krav om at opplysninger om innhaldet av helse- og miljøfarlege stoff skal angis på emballasjen, men du har krav på å få slike opplysninger om du spør forhandlaren, importøren eller produsenten. Vi har laga ein brevmal slik at du enkelt kan ta kontakt med dei.