Gå direkte til innhold Gå direkte til hovedmeny

Ver obs på leikene i utlandet

Foto: Kristin Kinck Rannem

Foto: Kristin Kinck Rannem

 

Mange nordmenn reiser sørover til strandliv og bading i sommarferien. Ver obs på at både badeleikene og andre barneprodukt du kjøper i utlandet, kan innehalde farlege stoff.

Tidlegare var det vanleg å finne ftalat i mjuke plastleiker slik som badeleiker. Dette er nå forbode i Europa sjøl om det framleis finst i ein del produkt. Og er du på ferie utanfor EU, er det viktig å tenke på at leikene ikkje er omfatta av same regelverk som i EU.

Det vanlegaste farlege stoffet i mjuke plastleiker er ftalat, men innhald av andre helse- og miljøfarlege stoff som forskjellige tungmetall, klorparafin og polysykliske aromatiske hydrokarbon (PAH) kan også forekomme i leiker av plast og andre material.

Råd når du skal kjøpe badeleiker

  • Ikkje kjøp leiker som luktar sterkt av kjemikal eller parfyme.
  • Unngå å kjøpe leiker av gate- eller strandseljarar.
  • Sjekk at leiken er CE-merkt. CE-merket er inga godkjenning, men er produsenten sin garanti for at leiken overheld EU sine krav. Alle leiker skal vere CE-merkte.

Unngå gate- eller strandseljarar

Sjansen for å kjøpe leiker som inneheld ftalat og andre skadelege stoff, er størst om du handlar av gate- eller strandseljarar. Det er større mogleigheit for at billige varer av dårleg kvalitet inneheld farlege stoff.

I Noreg ser vi at forhandlarar av produkt selde på marknader og gatesal ikkje veit kva produkta inneheld. I tillegg er produkta gjerne er av dårlegare kvalitet og blir dermed avfall etter kort tid. Miljødirektoratet kontrollerer jevnlig, i samarbeid med Tollvesenet, ting som blir selde på marknader og avdekker ofte ulovlege produkt.

Kontroller som Miljødirektoratet har gjennomført dei siste åra, viser likevel at dei fleste norske forhandlarar og importørar har arbeidt godt for å fjerne leiker med farlege stoff på den norske marknaden.

Eksempel på ulovlege leiker med ftalat frå utlandet i 2014 og 2015:

Ulovlege leiker rapporterte til Rapex i 2014 og 2015

Ftalat

  • Ftalat blir brukt som mjukgjerar i plast, særleg PVC.
  • Enkelte av desse stoffa er klassifisert som hormonforstyrrande og reproduksjonsskadelege (kan skade evna til å få barn).
  • Ftalatet DEHP kan også føre til skadar på fosteret og er påvist i morsmjølk.
  • Det blir forska på om det er ein samanheng mellom eksponering for ftalat i husstøv og astma/allergi.

Uroleg for langtidseffektane

Det er fyrst og fremst når barna syg og tygg på leikene, at dei kan få i seg til dømes ftalat og andre farlege stoff. I tillegg kan stoffa ende opp i miljøet når leikene endar som avfall.

Ungane blir ikkje akutt sjuke ved å tyggje på eit produkt som inneheld ftalat. Det er risikoen for langtidseffektar på helse og miljø knytte til desse stoffa, som myndigheitene er bekymra for. Derfor er det viktig å unngå ftalat og miljøgifter i produkt til små barn.

Det finst mange ulike typar ftalat. Tre typar er forbode i alle leiker, mens tre andre òg er regulerte i leikety og småbarnsprodukt som det er mogeleg for barn å suge eller tyggje på. Regelverket er felles i heile EU.

 

Les meir:

Sist oppdatert 16.06.2016

Kommenter gjerne denne artikkelen
 
(e-post vil ikke vises i kommentaren)    
 

Kontrollspørsmål

Hvor mange timer er det i et døgn?

For å unngå maskinstyrt misbruk, ber vi deg oppgi et tall (ikke bokstaver) som svar på spørsmålet.