Mange bruker white-spirit når dei for eksempel skal reingjere målarkostar og anna målarutstyr. Etterpå kan det vere freistande å bli kvitt den brukte væska på ein enkel – og lite miljøvennleg – måte, for eksempel ved å tømme den ut i vasken, toalettet eller på bakken.
White-spirit skal i utgangspunktet leverast inn som farleg avfall. Men visste du at du kan bruke den på nytt?
Dette gjer du:
- Tøm brukt white-spirit i ein tom dunk kvar gong du har brukt ein skvett. Merk kanna godt med at den inneheld brukt white-spirit, og oppbevar den utanfor rekkjevidda til barn.
- Når dunken etter kvart blir fylt opp og får stått ei stund, er målingrestane søkkte til botnen.
- Tøm den klare væska på toppen forsiktig over på ei ny (godt merkt) kanne som også blir oppbevart slik at barn ikkje kan få tak i den, og begynn på nytt.
Den resirkulerte white-spiriten er så god som ny og har berre eit lite fargeskjær som kan vitne om tidlegare tiders bruk.
Andre tips:
- Bruk vassbasert måling om du kan. Då kan du reingjere utstyret med vatn i staden. Det finst mange svanemerkte typar på marknaden.
- Tørk penselen godt på ein planke eller med tørkepapir (gjeld både vass- og oljebasert måling). For vassbasert måling: Hell litt grønsåpe på kosten, gni den godt inn i busta og skyl i vatn. Gjenta dette til kosten er rein.
- Dersom du skal ta ein pause i målinga, for eksempel til neste dag, kan du anten pakke kosten inn i plast eller berre setje den i vatn (gjeld både vass- og oljebasert måling).
Les meir:
Sist oppdatert 26.09.2013