Gå direkte til innhold Gå direkte til hovedmeny

Tid for levande lys

Foto: John Petter Reinertsen

Foto: John Petter Reinertsen

 
Det er koseleg å tenne stearinlys i mørketida. Med svanemerkte lys unngår du både skadelege stoff i osen og utslepp av klimagassar.

Ofte er det lys av typen kronelys eller kubbelys som er svanemerkte, men det er også svanemerkte telys på marknaden. Dei er laga av minst 90 prosent fornybar råvare, for eksempel stearin, og gir ikkje auka klimagassutslepp når dei brenn.

Det finst til saman 70 svanemerkte stearinlys på marknaden. Miljømerking fortel at du kan finne dei i vanlege daglegvarebutikkar som ICA, Rimi og Coop, og i fleire andre butikkar som til dømes Clas Ohlsson, Indiska og Åhlens.

Slepp å puste inn farlege stoff

Stearinlys kan innehalde allergifremkallande duftstoff og verstingstoff som bly. Duftstoff blir tilsett ein del lys for å gjere dei attraktive for forbrukarane og i nokre tilfelle for å skjule lukter som oppstår ved forbrenning. Alle duftstoff er potensielle allergen (også naturlege duftstoff). Bly kan finnast i vekene i stearinlys som er importerte.

Svanemerkte stearinlys inneheld ingen slike stoff. Ved å velje svanemerkte lys, unngår du å få slike stoff i deg gjennom osen frå lyset.

Klimatiltak

Mange ”stearinlys” er laga av parafin og andre oljeprodukt. Derfor fører dei til CO2-utslepp når dei brenn.
Kvart år importerer vi om lag 25 500 tonn levande lys til Noreg. Dersom alle i Noreg brukte svanemerkte lys, ville det kutta klimagassutsleppa like mykje som å fjerne meir enn 20 000 bilar frå vegane.

Les mer:

Sist oppdatert 11.10.2015

Kommenter gjerne denne artikkelen
 
(e-post vil ikke vises i kommentaren)    
 

Kontrollspørsmål

hvor mange dager er det i en uke?

For å unngå maskinstyrt misbruk, ber vi deg oppgi et tall (ikke bokstaver) som svar på spørsmålet.