Gå direkte til innhold Gå direkte til hovedmeny

Skinande sølv til 17. mai

Foto: Kristin Kinck Rannem

Foto: Kristin Kinck Rannem

 
Det er mogeleg å få skinande blankt sølvtøy og smykke utan sølvpuss. Ein god slump salt, vatn og aluminiumsfolie gjer susen.

Det er ikkje alltid like enkelt å pusse bestikk og smykke med mange delar og mykje mønster, for eksempel bunadssølv, med vanleg sølvpuss. Då er dette ein god metode å bruke.

  1. Kle ein bolle med aluminiumsfolie.
  2. Fyll med lunka vatn og ha i salt til løysinga er metta (det vil seie at det ikkje går an å løyse opp meir salt).
  3. Legg smykka oppi og gløym dei nokre timar.
  4. Ta dei ut, skyl dei godt og tørk med mjuk klut eller handkle.

Resultat: strålande blankt sølv!

Ikkje bruk denne metoden på smykke med steinar eller perler eller på oksiderte område (som faktisk skal vere "svarte"). Reint metall går heilt fint.

Aluminiumsfolien kan du sortere saman med glas og metall og levere inn på nærmaste returpunkt så bidrar du også til gjenvinning og gjenbruk.

Sist oppdatert 11.05.2015

Kommenter gjerne denne artikkelen
 
(e-post vil ikke vises i kommentaren)    
 

Kontrollspørsmål

Hvor mye er 13 + 3?

For å unngå maskinstyrt misbruk, ber vi deg oppgi et tall (ikke bokstaver) som svar på spørsmålet.    

Kommentarer

  • 13.05.2015 (helge)

    test