Gå direkte til innhold Gå direkte til hovedmeny

Ny miljø-app for barn

Foto: Miljømerking

Foto: Miljømerking

 
Miljømerking har lansert ein gratis app for iPad og Android lesebrett. Fem fantasifulle forteljingar skal lære barna korleis alt heng saman i naturen, og at vi kan gjere mykje i kvardagen for å løyse miljøproblema.

Dei fem nyskrivne eventyra handlar om forskjellige småfolk som treng hjelp. Småfolka lever i naturen og har viktige oppgåver der, men no har dei eit problem. Det må barna og Svanemerket sin barnefigur Svanhild hjelpe dei med.

Forteljingane passar for barn frå fire år og oppover. App-en er gratis å laste ned og inneheld ingen annonsar. Bruk iPad-en eller Android- lesebrettet ditt, og gå inn på App-store eller Google Play. Søk på "Svanhild". Miljømerking opplyser om eigne mobilversjonar før jul.

Sist oppdatert 07.12.2012

Kommenter gjerne denne artikkelen
 
(e-post vil ikke vises i kommentaren)    
 

Kontrollspørsmål

Hvor mange bein har en hest?

For å unngå maskinstyrt misbruk, ber vi deg oppgi et tall (ikke bokstaver) som svar på spørsmålet.