Gå direkte til innhold Gå direkte til hovedmeny

Miljøvennleg båtpuss

Foto: John Petter Reinertsen

Foto: John Petter Reinertsen

 

Sommaren nærmar seg, og båtfolket gleder seg til ein ny sesong på vatnet. Miljødirektoratet ber båteigarane om å tenkje på miljøet når dei gjer båten klar for sesongen. 

Både båthamner og båteigarar har plikt til å sørgje for at kjemikal og farleg avfall blir handtert miljømessig forsvarleg. Hamnene må få på plass praktiske avfallsløysingar slik at brukarane enkelt kan levere rester av kjemikal som botnstoff eller olje, batteri eller elektriske og elektroniske produkt (EE-avfall) som elektrisk verktøy og båtradio. Hamnene skal også ha løysingar for sortering og innlevering av vanleg avfall.

Botnstoff forureiner småbåthamnene

Miljøprøvar frå småbåthamner tyder likevel på at forureining er eit problem mange stader, både i grunnen på land og i sjøbotnen utanfor. Den viktigaste kjelda til forureining ser ut til å vere spyling og vedlikehald av båtskrog.

Botnstoff inneheld stoff som er farlege for vasslevande organismar nett fordi dei skal hindre groe på båten. Restar av gammalt botnstoff som blir skrapa av, kan vere ei kjelde til forureining – både på land og i vatnet.

I tillegg til helse- og miljøfarlege stoff i botnstoff, er gammal olje og utslepp frå batteri og målingrestar nokre av dei potensielle helse- og miljøskadelege biverknadene frå båtlivet.

Kva kan båteigaren gjere sjølv?

Du kan samle opp slipestøv og avskrapa botnstoff ved å

  • leggje ein presenning under båten, samle opp støvet og kaste det i behaldar for farleg avfall
  • bruke støvsugar når du sliper. Støvsugaren må ha HEPA-filter, og støvsugarposen skal kastast som farleg avfall.

Når du vel produkt, bør du

  • velje svanemerkte produkt dersom det finst. Dersom det ikkje finst, bør du velje dei som gir minst risiko for skade på helse og miljø.
  • unngå å bruke botnstoff i ferskvatn (det er ikkje nødvendig)
  • bruke biologisk nedbrytbar olje til motoren

Dette må du kjeldesortere:

  • spillolje, motoroljar og smørjeoljar
  • oljeforureina masse og vatn med olje-/dieselrestar, for eksempel frå botnen av båtar
  • oljefilter, bensinfilter og dieselfilter
  • blanda drivstoff
  • alle typer batteri
  • målingsrestar, løysemiddel, fugemassar, avskrappa botnstoff, filler og kostar med måling/botnstoff 
  • sprayboksar
  • elektrisk- og elektronisk utstyr (såkalla EE-avfall)

Kjeldesortering

Olje, botnstoff, sprayboksar og andre kjemikalrestar skal sorterast og leverast som farleg avfall. Elektriske og elektroniske produkt (EE-produkt) skal sorterast og leverast inn som EE-avfall.

Dersom det ikkje finst eigne innsamlingsplassar for dette i hamna, finst det andre alternativ:

  • Farleg avfall kan du levere til kommunale avfallsmottak og miljøstasjonar. Hugs at farleg avfall skal leverast i originalemballasje. Dersom ikkje, skriv på emballasjen kva den inneheld. Tom og tørr emballasje kan du kjeldesortere som plast eller metall.
  • EE-avfall kan du levere gratis til forhandlarar – sjølv om du ikkje har kjøpt produktet der – eller til kommunale avfallsmottak og miljøstasjonar.

Det er ulike ordningar for mottak av både farleg avfall og EE-avfall i kommunane. Privatpersonar kan same kva, levere EE-avfall og farleg avfall gratis til kommunale mottak. 

Ta vare på din eigen tryggleik

Produkt til båtpuss kan innehalde stoff som også kan skade helsa der og då, blant anna løysemiddel og stoff som irriterer huda eller framkallar allergi. Derfor er det viktig at du passer på din eigen tryggleik når du arbeider med desse produkta:

  • Les etiketten på produkta og følgj varsemdsreglane for sikker bruk.
  • Unngå å søle kjemikal på huda – bruk eigna hanskar og arbeidsklede som vernar huda mot søl.
  • Bruk støvmaske og vernebriller ved sliping, pussing eller anna arbeid som fører til støv.
  • Bruk gjerne vernebriller for å hindre søl og sprut i auga når du arbeider under skroget aller andre utsette stader.

Les meir:

Sist oppdatert 20.05.2016

Kommenter gjerne denne artikkelen
 
(e-post vil ikke vises i kommentaren)    
 

Kontrollspørsmål

Hvor mange fingre har et menneske?

For å unngå maskinstyrt misbruk, ber vi deg oppgi et tall (ikke bokstaver) som svar på spørsmålet.