ErDetFarlig - Unngå desse produkta

Gå direkte til innhold Gå direkte til hovedmeny

Unngå desse produkta

Foto: Miljødirektoratet

Foto: Miljødirektoratet

 
Myndigheitene finn jamleg produkt både i Noreg og andre land, som inneheld ulovlege mengder farlege stoff.

Rapex (Rapid Exchange of Information) er eit EU-system for hurtig utveksling av meldingar om farlege forbrukarprodukt. Systemet omfattar alle forbrukarprodukt, bortsedd frå legemiddel og næringsmiddel som har eigne meldesystem.

Når eit land i EU/EØS oppdagar eit farleg produkt, sender det melding om dette til EU, som distribuerer meldinga vidare til dei andre EU-landa.

I Noreg mottek Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) alle meldingar frå EU og distribuerer desse vidare til dei aktuelle fagetatane: Mattilsynet, Arbeidstilsynet, Vegdirektoratet, Statens strålevern og Miljødirektoratet.

Miljødirektoratet sitt ansvarsområde

Miljødirektoratet mottek meldingar som gjeld helsefare og støy ved forbrukarprodukt og leiker. Produkt som kan vere aktuelle i Noreg, blir publiserte på nettsidene til Miljødirektoratet.

Dersom Miljødirektoratet får tilbakemelding om at eit produkt har vore selt på det norske marknaden, tek direktoratet kontakt med importør/butikk og undersøkjer saka. Aktuelle reaksjonar frå Miljødirektoratet er at verksemda må stanse salet og distribuere informasjon til kundane, for eksempel sin via oppslag i butikken, på nettsidene sine og via annonsar i dagspressa.

Sist oppdatert 22.08.2013