Gå direkte til innhold Gå direkte til hovedmeny

Ikkje kast mobilen i søpla

Foto: iStockPhoto

Foto: iStockPhoto

 
Mobilen inneheld stoff som du ikkje vil ha på matfatet ditt i neste omgang.

Sørger du for at den gamle mobilen din og andre elektriske og elektroniske duppedittar blir levert inn på rett stad, blir dei farlege stoffa tekne hand om slik at dei ikkje hamnar i naturen. Dette kan du gjere ved å levere produkta gratis hos forhandlarar av denne typen produkt eller på kommunale mottak. Då vil dei farlege stoffa bli behandla på ein forsvarleg måte, og ulike delar av til dømes mobilen kan gjenvinnast.

Hugs òg at det i dei fleste tilfelle vil vere meir miljøvennleg å reparere den gamle mobilen enn å kjøpe ny.

Farlege stoff i mobilar

Mange tenkjer kanskje at det berre er batteria som inneheld farlege stoff, men det er ikkje heile sanninga. Det finst også helse- og miljøskadelege stoff i kretskorta, skjermen og dekselet. Dette gjeld heller ikkje berre mobiltelefonar, men all småelektronikk, som datamaskiner, nettbrett, elektriske og elektroniske leiker, hodelykter og liknande.

I dag blir det berre brukt litiumbatteri som kan ladast opp, i mobiltelefonar. Dei reknast ikkje som helse- eller miljøskadelege. Men dersom du må skifte batteri undervegs, skal du likevel levere det inn same stad som der du ville levert den gamle mobilen din.

Korleis kvittar du deg med mobilen?

  • Mobiltelefonar og annan småelektronikk er elektrisk og elektronisk avfall (EE-avfall) som ikkje skal kastast i restavfallet.
  • EE-avfall kan du levere gratis til forhandlarar som sel tilsvarande produkt – sjølv om du ikkje har kjøpt produktet der.
  • Du kan også levere produkta på kommunale mottak / miljøstasjonar.
Det er ulike ordningar for mottak av EE -avfall i dei forskjellige kommunane. Meir informasjon om ordninga i din kommune

Eigne mottaksordningar

Farleg avfall er avfall som ved feil handtering skaper forureining og skader naturen, dyr eller menneske. Derfor er det viktig at det blir levert inn på riktig måte. Kjem det på avvegar, kan det ha skumle langtidsverknader fordi skadelege stoff hamnar i naturen og blir teke opp i næringskjeda via jordsmonnet, vatnet eller lufta. I verste fall kan det føre til akutt skade eller forgifting, og livet i vatn er særleg utsett.

Elektriske og elektroniske produkt er i seg sjølve ikkje farleg avfall, men inneheld komponentar som kan vere det. Derfor er det eigne mottaksordningar for elektrisk og elektronisk avfall, EE-avfall. På elektriske og elektroniske produkt vil du finne ei søppelbøtte med eit kryss over som betyr at dei ikkje skal kastast i restavfallet, men bli leverte inn som EE-avfall.

Kva skjer med produkta etter at dei er leverte inn?

Delar som inneheld farlege stoff og som ikkje kan brukast på nytt, blir destruerte. Kretskort blir sende til smelteverk som tek vare på gull og andre stoff i kretskorta. Metalla blir tekne vare på og blir brukt i liknande apparat seinare.

Les meir:

Sist oppdatert 07.01.2016

Kommenter gjerne denne artikkelen
 
(e-post vil ikke vises i kommentaren)    
 

Kontrollspørsmål

Hvor mange bein har en hest?

For å unngå maskinstyrt misbruk, ber vi deg oppgi et tall (ikke bokstaver) som svar på spørsmålet.