Gå direkte til innhold Gå direkte til hovedmeny

Forsiktig med tennvæska!

Foto: Miljødirektoratet

Foto: Miljødirektoratet

 
Å få i seg ein slurk tennvæske, kan vere svært farleg og i verste fall føre til alvorleg skade på lungene. Oppbevar alltid tennvæske utilgjengeleg for barn – også mens du grillar.

Tennvæske inneheld ingen av verstingstoffa, men er eit såkalla petroleumsdestilat og kan derfor vere svært farleg.

For at ikkje flasker tennvæske skal forvekslast med drikkeflasker, skal den berre seljast i svarte, ugjennomsiktige flasker. Flaskene skal også ha barnesikra kork.

Skadar lungene

Dersom nokon har fått i seg ein slurk tennvæske, skal dei ete eller drikke noko som er feitthaldig (for eksempel tran, matolje eller mjuk fløyteiskrem). Dei skal ikkje prøve å kaste opp. Då kan tennvæska komme over i lungane og vere årsak til såkalla kjemisk lungebetennelse. Berre ei lita mengd tennvæske er nok.

Giftinformasjonen

Giftinformasjonen gir deg hjelp og råd ved akutte forgiftingar og forgiftingsfare. Dersom nokon har fått i seg eit kjemikalie som kan vere farleg, kan man kontakte dei:

  • Døgnopen vakttelefon:
    22 59 13 00
  • Ring 133 ved alvorlege symptom
  • nettsidene til Giftinformasjonen kan du lese meir om kva som er giftig, symptom på forgiftning og kva behandling som er nødvendig.

Dersom dei får symptom som hoste, tungt for å puste eller blir sløv, skal dei straks til sjukehus.

Tennvæske i auga

Tennvæske kan også irritere auga. Dersom du har fått tennvæske i auga, skal du straks skylje dei med rennande, lunke vatn. Ved vedvarande ubehag, bør du kontakte lege.

Tennvæske på huden

Kortvarig kontakt med tennvæske på huda, fører sjeldan til skade, men langvarig kontakt kan gi utslett og blærer. Dersom du har sølt tennvæske på huda, bør du skylje og vaske deg godt.

Farleg avfall

Tennvæske skal sorterast som farleg avfall. Det er forskjellige ordningar for mottak av farleg avfall frå kommune til kommune.

Her kan du sjå korleis du kastar tennvæske i din kommune.

Les meir:

Sist oppdatert 16.06.2016

Kommenter gjerne denne artikkelen
 
(e-post vil ikke vises i kommentaren)    
 

Kontrollspørsmål

Hvor mange bein har en hest?

For å unngå maskinstyrt misbruk, ber vi deg oppgi et tall (ikke bokstaver) som svar på spørsmålet.