Gå direkte til innhold Gå direkte til hovedmeny

Brenn reint til jonsok

Foto: iStockPhoto

Foto: iStockPhoto

 
Ikkje alt som brenn eignar seg på jonsokbålet (sankthansbålet). Ein del materiale gjer at både røyken og oska blir giftige eller skadelege på andre måtar.

Bålet skal berre fyllast opp med reint og tørt tre. Miljøfarlege stoff skal ikkje brennast, det er både ulovleg og kan vere helseskadeleg for dei som skal kose seg rundt bålet og ikkje minst for dei som leikar i strandkanten etterpå.

Dropp behandla tre

Trevirke som er impregnert (ein ser det ofte ved at treet har eit grønt eller brunsvart skjær), malt, lakkert eller sett inn med andre stoff, kan gje både skadelege gassar og oske når det brenn.

Spesielt farleg er CCA-impregnert tre som inneheld arsen-, krom- og koparsambindingar. Når ein brenn slikt trevirke, vil både røyken og oska kunne innehalde arsenikk som er svært giftig. CCA-impregnert tre er forbode å selje til forbrukarar i dag, men det kan framleis vere i bruk i for eksempel gamle terrassar.

Du må derfor unngå å brenne alt impregnert trevirke, anten det er gammalt eller nytt.

Ikkje brenn avfall

Det er ikkje lov å brenne avfall. Det kan føre til utvikling av giftige gassar og kan også vere forureinande på andre måtar. 

Madrassar, andre møbel eller tekstil kan for eksempel innehalde skumplast som er laga av polyuretan. Når polyuretan brenn, blir det danna røyk som inneheld helseskadelege gassar, og dessutan blåsyre og kolos (karbonmonoksid) som i verste fall kan føre til hjerneskadar, medvitsløyse og død.

Avfall skal sorterast og leverast inn etter dei retningslinjene som gjeld i din kommune.

Sjekk med brannstellet eller kommunen

Hovudregelen er at brenning av bål i eller nær skog og annan utmark er forbode frå 15. april til 15. september i alle kommunar. Det er likevel lov å elde bål der det openbert ikkje kan føre til brann, til dømes i strandkanten med god avstand til vegetasjonen omkring.

Mange kommunar har lokale forskrifter med forbod mot åpen eld, og mange stader er det ikkje lov til å brenne jonsokbål eller ein må søkje om løyve på førehand. Sjekk med det lokale brannstellet eller kommunen der du held til om du må søkje løyve for å brenne bål.

Les meir:

Sist oppdatert 16.06.2016

Kommenter gjerne denne artikkelen
 
(e-post vil ikke vises i kommentaren)    
 

Kontrollspørsmål

Hvor mange timer er det i et døgn?

For å unngå maskinstyrt misbruk, ber vi deg oppgi et tall (ikke bokstaver) som svar på spørsmålet.    

Kommentarer

  • 03.07.2013 (Erdetfarlig)

    Takk for innspill! Vi tenkte at teksten for så vidt sa at det kunne være ulike regler i de ulike kommunene. Men vi har satt inn en setning, så nå burde det vel være klart, håper jeg!

  • 24.06.2013 (Tore B)

    Dere bør jo også nevne at en rekke kommuner har lokale forskrifter med forbud mot åpen brenning (står beskrevet i lovdata/lokale forskrifter for den enkelte komune