Gå direkte til innhold Gå direkte til hovedmeny

Vil ha meir miljø i butikkane

Foto: John Petter Reinertsen

Foto: John Petter Reinertsen

 
Kundar verda over ønskjer å gjere sitt for at varer og tenester vert tilpassa helse og miljø. Dei vil at leverandørane skal ta ansvar og gje lyd om kor stor grad produkta skader miljøet. Dette går fram av ei gransking frå AC Nielsen.

The Nielsen Global Online Survey slår fast at kundane gjer sitt beste for ei berekraftig utvikling på mange slags vis. Annankvar kunde ser etter produkt som er energieffektiv. Kvar tredje kunde ser etter produkt som har liten eller inga innpakning.

I Noreg slepp forbrukarane å vente på miljømerking. Miljømerket Svanen finns no på ei rekkje daglegvarer og er den enklaste måten å ta miljøomsyn på.

Kilde: Miljømerking

Sist oppdatert 15.09.2009

Kommenter gjerne denne artikkelen
 
(e-post vil ikke vises i kommentaren)    
 

Kontrollspørsmål

hvor mange dager er det i en uke?

For å unngå maskinstyrt misbruk, ber vi deg oppgi et tall (ikke bokstaver) som svar på spørsmålet.