Gå direkte til innhold Gå direkte til hovedmeny

Utsleppa av farlege stoff frå produkt aukar

Foto: John Petter Reinertsen

Foto: John Petter Reinertsen

 
Ein analyse av tal frå produktregisteret i Klima- og forureiningsdirektoratet (Klif) tyder på auka utslepp av ein del helse- og miljøfarlege kjemikal frå nokre typar produkt. Analysen er gjort av Statistisk sentralbyrå (SSB) etter initiativ frå Klif.

– Vi har god kontroll og gode tal på utslepp frå piper og røyr i tradisjonell industri i Noreg. Dei diffuse utsleppa derimot er ei veksande utfordring. Tala frå produktregisteret [myndigheitene sitt register over kjemiske stoff og stoffblandingar som blir importerte til eller produserte i Noreg] er med på å gi oss betre informasjon om bruk og spreiing av miljøgifter, noko som kan hjelpe oss til å peike ut område det er spesielt viktige å jobbe med framover, seier Ellen Hambro, direktør for Klif.

Vel du svane- eller blomemerkte produkt, er du med på å redusere utsleppa av farlege stoff. Valga du tek når du handlar eller kvittar deg med produkta etterpå, betyr noko – både for miljøet og for di eiga helse. 

 

Forventa utslepp av farlege stoff: Berekna frå alle aktuelle produktgrupper registrert i produktregisteret, noko som inkluderer både industriutslepp og meir diffuse utslepp frå produkt. CMR-stoff er kreftframkallande, mutagene og/eller reproduksjonsskadelege. Illustrasjon: SSB

Sist oppdatert 06.06.2012

Kommenter gjerne denne artikkelen
 
(e-post vil ikke vises i kommentaren)    
 

Kontrollspørsmål

Hvor mange timer er det i et døgn?

For å unngå maskinstyrt misbruk, ber vi deg oppgi et tall (ikke bokstaver) som svar på spørsmålet.