Gå direkte til innhold Gå direkte til hovedmeny

Skadelege fluorstoff i matemballasje

Foto: iStockPhoto

Foto: iStockPhoto

 
Ei dansk undersøking viser at papp og papir rundt ulike matvarer kan innehalde helse- og miljøskadelege fluorkarbon.

Fluorkarbon er sambindingar som effektivt hindrar feitt, matrestar og vatn å trekkje inn i papiret. Samtidig er stoffa forbundet med blant anna kreft, fosterskadar, overvekt og miljøproblem.

Dansk undersøking

I ei undersøking frå februar i år, fann Fødevareinstituttet i Danmark polyfluorerte stoff (fluorkarbon) i 35 av 84 testa emballasjar til mat. Stoffa blei funne i papir- og pappemballasje til mjøl, kaker, kaffi, popkorn, sjokolade, müsli, brød, rosiner og forskjellig fastfood. Dei blei også målte i ein tepose og ei muffinform. Det er ikkje grunn til å tru at forholda er særleg annleis i Noreg.

Kva er fluorkarbon?

  • Stoffgruppe som inneheld grunnstoffa fluor og karbon.
  • Blir veldig sakte brotne ned i miljøet.
  • Nokre er giftige, og nokre kan hope seg opp i feittvev hos menneske og dyr.
  • Stoffa kan gi fosterskadar og er sannsynlegvis kreftframkallande. Undersøkingar knyter også stoffa til overvekt.
NB: Fluor i tannkrem er ikkje fluorkarbon. Fluor inngår i tannkrem i ei sambinding som ikkje blirrekna som miljøskadeleg, og som ikkje er helseskadeleg i små mengder. Flourkarbon inneheld både fluor og karbon, og det er først og fremst denne kombinasjonen som gjer stoffa problematiske.

 

Svanemerkte alternativ

– Som forbrukar er det heilt umogeleg å finne ut om hamburgaren frå gatekjøkkenet er pakka inn i papir med perfluorerte sambindingar. Det positive er at det finst fullgode alternativ som produsentane kan bruke når dei skal lage ulike typar matpapir, seier direktør Alvhild Hedstein på nettsidene til Miljømerking.

Miljømerking jobbar med å utvikle Svanemerke-kriterium for matemballasje, og der forbyr dei bruken av desse stoffa. I tillegg finst det allereie svanemerkt matpapir og bakepapir som er heilt fritt for fluorkarbon.

Dette kan du gjere:

Fluorkarbon omgir oss på mange kantar – det finst ikkje berre i matemballasjen. For å utsetje deg minst mogeleg for stoffa, kan du

  • bruke svanemerka mat- og bakepapir (det er utan fluorsambindingar)
  • ete mindre fastfood (som kan vere pakka inn i papir og papp med stoffa)
  • unngå eingongsemballasje som har lang kontakttid med eller som skal varmast opp saman med maten. (Ikkje all eingongsemballasje er behandla med fluorstoff, men du klarer ikkje å sjå kva som er – og kva som ikkje er.)
  • unngå å ete popkorn som lagast i mikrobølgjeomnen (nokre mikrobølgjeomn-popkorn kan innehalde fluorstoff)
  • velje regn- og fritidstøy som ikkje er impregnerte med fluorstoff. Spør forhandlaren, importøren eller produsenten.
  • bruke voks utan fluorstoff når du smørar skiene
  • velje impregneringsmiddel utan fluorstoff

Les meir:

Sist oppdatert 03.08.2012

Kommenter gjerne denne artikkelen
 
(e-post vil ikke vises i kommentaren)    
 

Kontrollspørsmål

Hvor mange fingre har et menneske?

For å unngå maskinstyrt misbruk, ber vi deg oppgi et tall (ikke bokstaver) som svar på spørsmålet.